Legevakt: 116117 Akutt hjelp: 113 Send e-post

Kommunale akutte døgnplassar (KAD) ved Sogn LMS

 

KAD skal vere eit tilbod for dei som har behov for observasjon, behandling og tilsyn, men som ikkje har behov for innleggelse på sjukehus. På Sogn lokalmedisinske senter har me fire KAD-sengar fordelt på to rom. Kommunane som er med på samarbeidet om desse plassane er Årdal, Aurland, Leikanger og Lærdal. Dette er plassar som fastleger og legevakt har moglegheit for å legge inn pasientar, istadenfor sjukehusinnleggelse, etter medisinskfaglige kriterier. Det er derfor ikkje mogleg å søke sjølv om ein KAD-plass.

 

På bakgrunn av Samhandlingsreforma tok Lærdal kommune initiativ våren 2011 til å sette i gang eit interkommunalt samarbeidsprosjekt mellom kommunane i Indre Sogn region i høve til helse- og omsorgstenester i lys av samhandlingsreforma. Alle kommunane i Indre Sogn vart inviterte med og Aurland, Årdal, Luster, Sogndal, Leikanger og Vik er med i tillegg til Lærdal. Med dette vart det etablert Kommunale akutte døgnplassar (KAD-plassar). Dette er eit tilbod alle kommunane skal ha frå 1. januar 2016. I samhandlingsreformen omtales kommunens ansvar som tilbod før, istadenfor og etter sjukehusbehandling. KAD skal utgjere eit kommunalt før og istadenfor, meininga med dette tilbodet er at det skal vere like godt og betre enn innleggelse på sjukehus.

 

Nokre eksempel på diagnoser eller tilstandar som kan vere aktuelle for KAD-plassar er infeksjonar (pneumoni, urinvegsinfeksjon, hudinfeksjon, gastroenteritt), KOLS med forverring, smerteproblematikk, Diaré og obstipasasjon, m.m. Når ein pasient er innlagt på KAD, er det legetilsyn ei gong per dag. Me held til i andre etasje på Lærdal sjukehus, saman med medisinsk avdeling.