Legevakt: 116117 Akutt hjelp: 113 Send e-post

Om Sogn LMS

Sogn LMS står for Sogn lokalmedisinske senter, og er eit samarbeidsprosjekt innan helse- og omsorgstenester i indre Sogn. Sogn lokalmedisinske senter er eit samarbeid mellom sju kommunar i Indre Sogn og Helse Førde. På bakgrunn av samhandlingsreforma tok Lærdal kommune initiativ våren 2011 til å sette i gang eit interkommunalt samarbeidsprosjekt mellom kommunane i indre Sogn regionen i høve til helse- om omsorgstenester i lys av samhandingsreforma.

 

Sogn lokalmedisinske senter er eit interkommunalt tilbod. På sogn LMS er legevaktsentral, legevakt for Årdal, Lærdal og Aurland kommune og Kommunale akutte døgnplassar (KAD) (Les meir om KAD her). På desse sengeplassane vil pasientane få legetilsyn kvar dag under opphaldet, og evt. Den hjelpen dei treng frå helsepersonell.

 

Kva er eit lokalmedisinsk senter

Begrepet lokalmedisinske senter blei mulig fyst definert i ei Stortingsmelding  nr. 16 – Nasjonal omsorgsplan 2011-2015, og omtalt som: ”Kommunale helsetilbod der ein eller fleire kommunar samarbeider med spesialisthelsetenesten om tenester til pasientar før og etter, – eller i staden for -,  innleggelse i sjukehus.” Her står samarbeid med eit sjukehus sentralt.

 

Samlokalisering av tenester er trekt fram som eit suksesskriterium for etablering av eit lokalmedisinsk senter, men kommunane står fritt til å avgjere kva slags tenester som skal inngå i eit slikt senter, ut frå lokale behov og forhold.

 

Etablering av eit lokalmedisinske senter tvinger fram eit tettare samarbeid mot spesialisthelsetenesta, og vil difor føre til meir heilskapleg og og betre pasientforløp tilpassa lokale forhold og sikre innbyggarane nærleik til nødvendige helse- og omsorgstenester.