Legevakt: 116117 Akutt hjelp: 113 Send e-post

Me ser helst at du ringer før du kjem til legevakta. Saman kan me finne ut kva hjelp du treng.

 

Nasjonalt tlf.  : 116117

 

Når du ringer legevakten bør du ha klart:

  • Fødsels- og personnummer, 11-siffer, på den det gjeld. Dette er viktig med hensyn til journalføring, reseptskriving, henvisning til for eksempel sjukehus og for at din fastlege skal motta epikrise frå konsultasjonen på legevakta.
  • Kvar pasienten befinn seg. Då gjerne adresse eller gards- og bruksnummer. Dette er om me må sende henvendelsen vidare til AMK. Viktig å vite kvar du befinn deg slek at dei kan sende ut ambulanse så fort som mogleg
  • Kvar plagane sit, og kor lenge plagane har vore der
  • Om pasienten har feber
  • Kva medisinar pasienten brukar. Når ein kjem på legevakten kan det og være greitt å ha med seg ei liste over medisinane (avt. dosett).
  • Kva medisinar pasienten ikkje tålar

 

 

Kva du kan gjere sjølv før du ringer:

– Febernedsettande og smertestillande medikamenter, for eksempel Paracet kan vere lurt å ha tilgjengeleg i heimen.

– Dette kan ofte lindre enkle infeksjoner og du kan dermed vente til fastlegekontoret ditt åpnar. Kan også ha god innvirkning på ørebetennelse, saman med nasespray og/eller saltvatnsdråpar.

– Plaster og enkelt bandasjemateriell.