Om prosjektet og prosessene

Om prosjektet Sogn LMS

Sogn LMS er enno i ei utgreiingsfase og organisert som eit prosjekt. Det starta opp våren 2011 og går over tre trinn, forstudie, forprosjekt og hovudprosjekt. Kvar av dei to første fasane i prosjektet vil munne ut i eit grunnlag for vidare utgreiing.

 Fasane

1. Forstudie – 2011 – vår 2012 – avslutta
Forstudien vart gjennomført i perioden 2011 – juni 2012. Forstudien sitt føremål var å avklare kva type tenester som kan leggjast til eit lokalmedisinsk senter og kva tenester kommunane ynskjer å ta hand om i eigen kommune. Rapporten viste at det var tre områder som peika seg ut, og det vart lagt fram ein rapport med innspel til kva teneseter og oppgåver det er føremålstenleg å samhandle om og korleis eit slikt samarbeid kan organiserast og finansierast. Rapport frå Forstudien

2. Forprosjekt – haust 2012 – haust 2013 – avslutta
Forprosjektet er fase to i prosjektet og starta opp hausten/vinteren 2012. Forprosjektet tok utgangspunkt i resultat frå forstudien, og det overordna målet var å utgreie og konkretisere oppgåver, tenester og tilbod som skal ligge til det lokalmedisinske senteret, samt ein modell for organisering og drift. Prosjektplan Forprosjektet. I forprosjektet er det utgreidd konkret løysing for interkommunal legevakt og legevaktsentral (-telefon) og omfang og løysing for døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp. Dte er skissert arealmessige løysingar ved Lærdal sjukehus. Det er utarbeidd framlegg til særavtale om øyeblikkeleg hjelp og eit utgangspunkt for ein drifts- og leigeavtale. Det er gjort førebelse vurderingar av bemanningsbehov, kostnader og kostandsfordeling på kommunane. Det er vidare gjort eit visst grunnlagsarbeid i høve samarbeid om fagnettverk og pasientforløp.

3. Hovudprosjekt – haust 2013 – haust 2014
Siste fase er eit hovudprosjekt – som skal realisera dei løysningane forprosjektet tilrår, og målet er ei etablering av Sogn lokalmedisinske senter i tilknyting til Lærdal sjukehus, samt andre områder og tilbod kommunane skal samarbeide om. Styringsgruppa tek stilling til plan for hovudprosjektet den 31.01.14.