Organisering

Prosjektet Sogn lokalmedisinske senter er inndelt i 3 faser. Prosjektet er nå i fase 3

Hovudprosjektet

For innhald i hovudprosjektet, sjå utkast til prosjektplan.

Styringsmodell

Prosjektet har følgjande styringsstruktur: Eigargruppe, styringsgruppe, prosjektgruppe, og delprosjekt med underliggande arbeidsgrupper.

Eigargruppa

Eigarane av prosjektet er dei deltakande kommunane og Helse Førde HF. Den enkelte ordførar vil være kommunane sin eigarrepresentant, og adm. direktør representerer Helse Førde HF. Prosjekteigar vil etter behov ha eigne eigarmøte i prosjektperioden og prosjektleiinga møter i eigarmøtet. Føremålet er å informere om framdrift og aktivitet, og elles legge til rette for gjensidig informasjonsutveksling.

Prosjektansvarleg

Prosjektansvarleg vil vere Lærdal kommune som initiativtakar til prosjektet og vertskommune for Lærdal sjukehus. Prosjektansvarleg si rolle i prosjektet er å vere overordna ansvarleg for gjennomføring av prosjektet og leie møte i styringsgruppa. Rådmannen i kommunen vil vere kommunen sin prosjektansvarlege.

Prosjektleiing

Prosjektleiar er er tilsett i Helse Førde. Han er ansvarleg for den daglege framdrifta i prosjektet og har ansvar for koordinering av alt arbeid knytt til prosjektet. Prosjektleiar møter i styringsgruppa og i delprosjektgrupper. Vidare er prosjektleiar leiar av prosjektgruppa. I prosjektleiinga inngår to prosjektmedarbeidarar i Lærdal kommune, og det er avtale med konsulentfirma om prosjektstøtte .

Styringsgruppa

Styringsgruppa er det organet som gjer vedtak om korleis arbeidet skal innrettast ved at den godkjenner prosjektplanen. Gjennom prosjektplanen er oppgåvene til prosjektgruppa og delprosjektgrupper gitt. Vidare skal styringsgruppa godkjenne underlag for handsaming og avgjerder hos eigarane og legge fram sluttrapporten ved avslutninga av prosjektfasen.

Styringsgruppa vil ha representantar frå kommunane og frå Helse Førde HF. Administrativ leiing i dei ulike kommunane vil vere kommunane sine representantar medan utviklingsdirektør vil vere Helse Førde HF sin representant. Vidare legg ein opp til at ein brukarrepresentant skal vere medlem i gruppa. Brukarutvalet i Sogn og Fjordane har oppnemnt ein brukarrepresentant.

Prosjektgruppa

Gruppa har det faglege ansvaret for arbeidet og skal legge til rette for koordinering av arbeidet og sikre einsarta prosessar i delprosjekt. Prosjektgruppa vert samansett av fagressursar frå kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Gruppa skal bestå av personar på helse- og omsorgsleiarnivå frå kommunane, og representanter frå dei ansatte. Gruppa kan søke bistand frå andre etter behov. Leiarar i delprosjekta er fast medlem av gruppa. Gruppa vil ved avslutninga av prosjektet utforme ein samla sluttrapport frå prosjektfasen som vert lagt fram for styringsgruppa for godkjenning..

Delprosjektgrupper

Delprosjektgrupper blir oppretta etter behov og skal bestå av fagpersonar frå kommunane som deltek og frå spesialisthelsetenesta. Delprosjektgruppene skal innanfor mandatet som prosjektplanen gir utforme sin eigen detaljerte arbeidsplan og milepælar, og er ansvarleg for å gjennomføre kartlegging og avklaring i høve dei problemstillingane som skal utredast i forprosjektet.