Kva er Sogn LMS

Sogn LMS står for Sogn lokalmedisinske senter, og er eit samarbeidsprosjekt innan helse- og omsorgstenester i indre Sogn.

Sju kommunar er med.
På bakgrunn av Samhandlingsreforma tok Lærdal kommune initiativ våren 2011 til å sette i gang eit interkommunalt samarbeidsprosjekt mellom kommunane i indre Sogn regionen i høve til helse- om omsorgstenester i lys av samhandingsreforma.

Lærdal kommune og Helse Førde HF fekk tilskot på  5 mill kroner over revidert statsbudsjett i 2011 til etablering av eit lokalmedisinsk senter, der 2,5 mill skulle gå til kommunane og 2,5 mill kr til helseføretaket. Det er eit vilkår at midlane vert nytta til planlegging og etablering av lokalmedisinske senter i tilknyting til Lærdal sjukehus og elles til planlegging, utredning, analyse og liknande, og ikkje til større investeringar og drift.

Alle kommunane i indre Sogn vart inviterte med og Aurland, Årdal, Luster, Sogndal, Leikanger og Vik er med i tillegg til Lærdal.

Kva er eit lokalmedisinsk senter?

Begrepet lokalmedisinske senter blei mulig fyst definert i ei Stortingsmelding  nr. 16 – Nasjonal omsorgsplan 2011-2015, og omtalt som: ”Kommunale helsetilbod der ein eller fleire kommunar samarbeider med spesialisthelsetenesten om tenester til pasientar før og etter, – eller i staden for -,  innleggelse i sjukehus.” Her står samarbeid med eit sjukehus sentralt.

Samlokalisering av tenester er trekt fram som eit suksesskriterium for etablering av eit lokalmedisinsk senter, men kommunane står fritt til å avgjere kva slags tenester som skal inngå i eit slikt senter, ut frå lokale behov og forhold.

Etablering av eit lokalmedisinske senter tvinger fram eit tettare samarbeid mot spesialisthelsetenesta, og vil difor føre til meir heilskapleg og og betre pasientforløp tilpassa lokale forhold og sikre innbyggarane nærleik til nødvendige helse- og omsorgstenester.

Samahandlingsreforma

Samahandlingsreforma (St.meld nr. 47 -2008-2009) trådde i kraft 1.januar 2012 og i åra framover skal det skje ei gradvis endring i kommune- og spesialisthelsetenesta ut frå nye lovkrav.

Kommunane vil få endring i oppgåver og ansvar i forhold til korleis helse- og omsorgstenestene skal leverast innbyggarane og til pasientane. Modellen legg opp til at pasientane skal få behandling på det mest effektive omsorgsnivået, som betyr at kommunane får ein del oppgåver som tidligare vart utførte av spesialisthelsetenesta.

Såleis må kommunane etablere tenester og tilbod til innbyggjarane før – i staden for – og etter sjukehusopphald.