Heim

Eit samarbeid mellom sju kommunar i Indre Sogn og Helse Førde HF

Eit lokalmedisinsk senter blir definert som eit institusjonsbasert kommunalt helsetilbod før, i staden for eller etter sjukehusinnlegging. Det er kjenneteikna av tenester som er utvida i høve til tradisjonelle kommunale helsetenester. Det er oftast basert på eit interkommunalt samarbeid og eit samspel med spesialisthelsetenesta. I prosjektet Sogn lokalmedisinske senter – Sogn LMS –  skal ein samhandle og etablere gode løysingar, samt legge til rette gode helse- og omsorgstenester og tilbud som sikrar god tilgang til nødvendige spesialisthelesetenester for befolkninga i regionen.

I utviklingsprosjektet deltek kommunane Lærdal, Årdal, Aurland, Luster, Sogndal, Leikanger og Vik og Helse Førde HF. Prosjektet har vore delt i tre fasar, forstudie, forprosjekt og hovudprosjekt. Det er vidare ei inndeling i 3 delprosjekt:

  1. Interkommunale funksjonar lokalisert til Lærdal sjukehus (legevakt, legevaktsentral (-telefon), døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp og andre intermediærfunksjonar. Her deltek ikkje Sogndal og Luster, men desse vil kjøpe tenester i høve legevakttelefon.
  2. Fagnettverk.
  3. Pasientforløp.

Sogn LMS er no i fase 3 – Hovudprosjektet - der ein har som mål å  å starte opp eit lokalmedisinsk senter ved Lærdal sjukehus og eit fagleg samarbeid mellom
dei deltakande kommunane.

Vårt framtidsbilete er:

Sogn LMS skal opprettast og vere eit helsetilbod for innbyggarane i Sogn for å møte krava om god og trygg helsehjelp etter samhandlingsreforma. I forlenginga av eit interkommunalt samarbeid om øyeblikkeleg hjelp-senger og legevakttenester skal kommunane samarbeide om fagnettverk og utvikling av standardiserte pasientforløp.

Les meir

Aktuelt

Møte i prosjektgruppa 07.03.14

Det blir i tråd med prosjektplanen gjennomført møte i prosjektgruppa den 07.03.14. Sjå saklista til møtet her: Sogn LMS – sakliste til prosjektgruppemøte 07.03.14

Les meir

Underskrift av særavtalar og søknad til Helsedirektoratet

Etter at det no er gjort vedtak i kommunestyra i Lærdal, Årdal og Aurland blir det no sytt for underskrift av dei vedtekne særavtalane. Desse må ligge føre i samband med at det skal søkast om midlar frå Helsedirektoratet innan 1. mars. Det blir og lagt opp til tilsvarande for Leikanger kommune, sjølv om Leikanger […]

Les meir

Status i kommunane si handsaming

Kommunestyra i Lærdal, Årdal og Aurland har no gjort samrøystes vedtak om å delta i alle delar av Sogn lokalmedisinske senter. Dei øvrige kommunane vil som kjent delta vidare i delprosjekt 2 og 3, og dei vil også kjøpe legevakttelefontenester under visse føresetnader om kvalitet og pris.  Leikanger kommunestyre vil den 06.03. ta stilling til […]

Les meir

Styringsgruppa godkjende prosjektplanen for hovudprosjektet

Styringsgruppa for prosjektet Sogn LMS drøfta i møte den 31.01.14 status i prosjektet og gjekk gjennom framlegg til prosjektplan for hovudprosjektet. Det vart ein konkret diskusjon om forbetringspunkt i planen og opplegg for prosjektet vidare, og prosjektplanen vart etter dette godkjent med nokre endringar. Sogn LMS – referat frå møte i styringsgruppa 31.01.14 Prosjektplan for […]

Les meir

Prosjektplan for hovudprosjektet til handsaming i styringsgruppa

  Styringsgruppa for prosjektet Sogn lokalmedisinske senter har møte fredag 31.01.14 kl 14-15 på kommunehuset i Sogndal. Hovudsaka i møtet vil vere godkjenning av prosjektplanen for forprosjektet., sjå utkast til plan nedanfor. Prosjektplan for hovudprosjekt Sogn LMS

Les meir

Nødnettsaka: Kommunane må bestemme seg innan 19. september 2013

Porten.no melder at Regionrådet vedtok 13. september å leggje ein felles legevakttelefon for kommunane i Indre Sogn, til det lokalmedisinske senteret ved Lærdal sjukehus. Regionrådsleiar Noralv Distad seier til avisa at han er nøgd med at alle åtte kommunane stilte seg bak vedtaket, og han håpar at Sogndal og Luster sluttar seg til det endelege […]

Les meir

God deltakelse i møte om nødnettet 21. august

De fleste kommunene i indre Sogn  møtte opp for å få  med seg informasjon om etableringa av det nye nødnettet. Informasjonsmøtet var et samarbeid mellom Helsedirektoratet og Sogn LMS. Helsedirektoratet har ansvar for å informere alle kommunene om det nye nødnettet og nå står Vestlandet for tur. Da Sogn LMS har de fleste kommuner i regionen […]

Les meir

Informasjonsmøte om det nye nødnettet 21. august 2013.

Helsedirektoratet er gitt i oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet å ivareta myndighetsforankringen og koordinere nødvendige forberedelser for innføring av nytt nødnett i kommuner og helseforetak. Helsedirektoratet skal melde inn antall kontrollrom og operatørplasser til leverandøren for produksjon av nytt utstyr. Det er derfor viktig med avklaringer og beslutninger fra kommunene raskt. Prosjektet Sogn LMS har vært […]

Les meir