Heim

Eit samarbeid mellom sju kommunar i Indre Sogn og Helse Førde HF

Eit lokalmedisinsk senter blir definert som eit institusjonsbasert kommunalt helsetilbod før, i staden for eller etter sjukehusinnlegging. Det er kjenneteikna av tenester som er utvida i høve til tradisjonelle kommunale helsetenester. Det er oftast basert på eit interkommunalt samarbeid og eit samspel med spesialisthelsetenesta. I prosjektet Sogn lokalmedisinske senter – Sogn LMS –  skal ein samhandle og etablere gode løysingar, samt legge til rette gode helse- og omsorgstenester og tilbud som sikrar god tilgang til nødvendige spesialisthelesetenester for befolkninga i regionen.

I utviklingsprosjektet deltek kommunane Lærdal, Årdal, Aurland, Luster, Sogndal, Leikanger og Vik og Helse Førde HF. Prosjektet har vore delt i tre fasar, forstudie, forprosjekt og hovudprosjekt. Det er vidare ei inndeling i 3 delprosjekt:

  1. Interkommunale funksjonar lokalisert til Lærdal sjukehus (legevakt, legevaktsentral (-telefon), døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp og andre intermediærfunksjonar. Her deltek ikkje Sogndal og Luster, men desse vil kjøpe tenester i høve legevakttelefon.
  2. Fagnettverk.
  3. Pasientforløp.

Sogn LMS er no i fase 3 – Hovudprosjektet - der ein har som mål å  å starte opp eit lokalmedisinsk senter ved Lærdal sjukehus og eit fagleg samarbeid mellom
dei deltakande kommunane.

Vårt framtidsbilete er:

Sogn LMS skal opprettast og vere eit helsetilbod for innbyggarane i Sogn for å møte krava om god og trygg helsehjelp etter samhandlingsreforma. I forlenginga av eit interkommunalt samarbeid om øyeblikkeleg hjelp-senger og legevakttenester skal kommunane samarbeide om fagnettverk og utvikling av standardiserte pasientforløp.

Les meir

Aktuelt

Frå møtet i prosjektgruppa 12.09.14

Prosjektgruppa var samla til møte fredag 12.09. Statusgjennomgang og nokre viktige avklaringar for prosjektet vidare sto på dagsorden. Prosjektgruppa går inn for at prosjektperioden for prosjektet blir lenga til 01.02.15, og at Sogn lokalmedisinske senter blir starta opp 01.02.15, med trinnvis innfasing til full drift frå seinast 01.03.15. Dette blir lagt fram for styringsgruppa til avgjerd […]

Les meir

Møte i prosjektgruppa 12.09.

Det blir eit viktig møte i prosjektgrupa fredag den 12.09. I tillegg til å halde seg orientert om framdrift og status i prosjektet, skal gruppa m.a. ta stilling til korleis prosjektet skal avgrensast tidsmessig vidare og når ein skal ta sikte på at Sogn lokalmedisinske senter skal vere i drift. Prosjektgruppa sine tilrådingar går vidare […]

Les meir

Helse og samhandling på dagsorden for formannskapa i Sogn

Då formannskapa i kommunane i Sogn regionråd var samla den 5. september, var det kommunereforma og helsetenestene som sto på dagsorden. Det var sett av ein halv dag til å gå gjennom behovet for å gjere nye ting og utvikle samhandlinga innan helse.   Fylkeslege Per Stensland gjekk gjennom erfaringar så langt med kommunale døgntilbod […]

Les meir

Arbeidslister blir lagt ut på heimesida

Kommunikasjon omkring status og kva som skjer i prosjektet har høg prioritet. Prosjektstaben lager rullerande arbeidslister (tidlegare kalla “aksjonspunktlister”) over oppgåver som må utførast, ansvar og frister. For å kunne informere godt og detaljert om det som skjer, blir desse arbeidslistene lagt ut på heimesida. Listene kan tidvis ha ein intern karakter, men samstundes er […]

Les meir

Vivian Kvam er tilsett som leiar for Sogn lokalmedisinske senter

Ein viktig del av førebuingane til etablering av Sogn lokalmedisinske senter er tilsetting av personale, og den første tilsettinga er no gjort.  Vivian Kvam er tilsett som leiar for Sogn lokalmedisinske senter. Ho tek til i stillinga den 01.09.14.  Vivian Kvam (34) er av utdanning sjukepleiar, med tilleggsutdanning innan pedagogikk. Ho er no i eit […]

Les meir

Styringsgruppa sine vurderingar og avgjerder den 13.06.14

Styringsgruppa for prosjektet hadde møte den 13.06.14. Sentralt i dette møtet var risikoelement i forhold til å kunne etablere Sogn LMS i november 2014. Redusert kapasitet i prosjektstaben og utfordringar i arbeidet med å rekruttere leiar og andre tilsette førte til at styringsgruppa m.a. konkluderte slik: “Styringsgruppa gir prosjektgruppa i oppgåve å kome tilbake med […]

Les meir

Sakene til møtet i styringsgruppa 13.06.14

  Her er innkalling og sakliste og det som er sendt ut av sakstilfang til møtet i styringsgruppa den 13.06.14.  Sogn LMS – sakliste til møte i styringsgruppa 13.06.14 Sak 4 Avklaring av prosjektperiode Sak 5 Konkret avklaring av video- og telemedisinske løysingar Sak 6 Drifts- og leigeavtale Sogn LMS – drifts- og leigeavtale   […]

Les meir

Notat frå møte med Jæren øyeblikkelig hjelp

Representantar frå prosjekta KAD Nordfjord og Sogn lokalmedisinske senter hadde den 28.04.14 eit møte med Jæren øyeblikkeleg hjelp for å utveksle informasjon og erfaringar. Av særlig interesse var erfaringane med innføring og bruk av pasientjournalsystemet DIPS (som helseføretaka nyttar) i tilknyting til det kommunale tilbodet. Notat frå møtet og presentasjon som vart nytta er lagt […]

Les meir

Det blir møte i styringsgruppa den 13.06.14

Møtet i styringsgruppa for prosjektet, som eigentleg var beramma til 23.05.14, blir den 13.06.14. Aktuelle saker til møtet er førebels: Avklaring av prosjektperiode og plan for tida etter november 2014 Drifts- og leigeavtale Konkret avklaring av video-/telemedisinske løysingar  

Les meir

Prosjektgruppa hadde møte den 09.05.14

Prosjektgruppa tok særskilt føre seg planen for dei konkrete førebuingane til oppstart av Sogn LMS i november, og fann at dei planane som ligg føre så langt er tilfredsstillande. Gruppa har særskilt fokus på korleis ein skal ivareta ei mellombels løysing for legevaktsentralen fram til naudnettet skal implementerast. Det vart bedt om at ein kvalitetssikrar planar for […]

Les meir