Sogn lokalmedisinske senter offisielt opna

Måndag 2. mars vart Sogn lms offisielt opna. Det var omlag 55 inviterte gjester som fann vegen til kantina på sjukehuset. Ordførar Jan Geir Solheim leia opningsmarkeringa og stortingsrepresentant Kjersti Toppe stod for den offisielle opninga og klypte snora som markerte oppstarten av den nye senteret på Lærdal sjukehus.

Det var mange talar og rosande ord både til prosjektleiinga, administrasjonen i Lærdal kommune og til Helse Førde som har vore  viktige bidragsytarar for å få tilboda på plass.

Dei inviterte gjestene var prosjekteigarane som er ordførarane i samarbeidskommunane og administrerande direktør i Helse Førde, deltakarane i styringsgruppa og prosjektgruppa, tidlegare deltakarar i prosjektleiinga, fylkesmannen og andre som har bidrege i prosjektperioden.

Det var mange som stod på taleleista mellom anna: ordførarane Noralv Distad, Jan Geir Solheim og Arild Ingar Lægreid, ass fylkesmann Gunnar Hæreid,stortingsrepresentant for Sp Kjersti Toppe, administrerande direktør Jon Bolstad, rådmann Alf Olsen jr,kommunalsjef og prosjektleiar Margun Thue,rådmann Odd Arve Rakstad og helsing frå dei tilsette ved sjukehuset ved Kåre M Lysne. Det var kulturelle innslag ved Knut Lindstrøm og Longhorn. Tilslutt takka Liv Signe Navarsete for maten. Maten var førøvrig laga og levert fråkjøkkenet ved sjukeheimen i Lærdal. Det vart servert tapas av høg kvalitet laga av kjøkkensjef Brita Einemo. Med seg hadde ho kokk Sissel Klunderud.