Hektisk i innspurten

Prosjektstaben er i full aktivitet i innspurten før oppstart 23. februar. Frode har, pga sjukdom og anna fråver hjå legane, måtte vere tilstades på helsesenteret denne veka. Det vert nok slik store delar av neste veke og, men vi håpar det ikkje får altfor store konsekvensar for framdrifta. Han jobbar med førebuingar til opninga innimellom pasientbehandling og anna aktivitet på helsesenteret. Han har mellom anna ansvaret for utstyret og innreiing av legevakt, legevaktsentral, skadestove og kvilerommet for legar. Han informerer legane i kommunane om framdrift, kva kommunane sjølv har ansvar for å ha på plass før opninga, opplæring, turnusplanlegging, diverse innstallasjonar og mykje anna.

Amund Øvstetun, it-leiar i kommunen, har frigitt tid og heile dagar for oss denne veka og neste. Han gjer ein kjempejobb og avlastar Frode mykje når det kjem til diverse innstallasjonar,  ikt -verktøy, tilgangar,opplæring, telefoni og mykje meir. Han er  uslåeleg på å purre og mase på leverandørane våre slik at dei leverer til rett tid! I tillegg hjelper han oss mykje med å halde motet og humøret oppe – viktig arbeid det og!

Vivian har hendene fulle med å lage prosedyrar, teste pasientjournalsystemet Dips, halde kontakten med media, siste finpuss på turnusar og protokoll, organisere opplæring / hospitering til våre sjukepleiarar og Helse Førde sine sjukepleiarar, diverse avtalar som skal på plass og å halde kontakten med samarbeidskommunane. I tillegg er ho arbeidsgivar for 9 motiverte og dyktige sjukepleiarar som gler seg til å starte opp for fullt.

Er det noko de vil dele med oss set vi pris at de tek kontakt.

Offisiell opning er 2. mars 2015 kl 17.00

God helg!