Nye tilsette ved Sogn lokalmedisinske senter

Frå venstre: orunn Dalaker, Frode Myklebust og Anne Karin Brugrand

Frå venstre: Jorunn Dalaker, Frode Myklebust og Anne Karin Brugrand

Torunn Takle til venstre og Lilly Nes

Torunn Takle til venstre og Lilly Nes

5.januar starta dei nye tilsette ved Sogn lokalmedisinske senter. Dei nytilsette sjukepleiararne kjem frå kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Alle sjukepleiarane har lang erfaring frå ulike delar av helsetenesta, fleire har vidareutdanning mellom anna som jordmor, operasjonsjukepleiar, akuttsjukepleie og mange har lang erfaring frå legevaktsentral. Prosjektleiinga er svært godt nøgd med rekrutteringsprosessen og ser fram til samarbeidet med desse motiverte og fagleg dyktige sjukepleiarane. Sjukepleiararane vil få ein variert arbeidsdag med oppgåver knytt til dei kommunale sengene, med pasientar som treng behandling på den interkommunale legevakta og for dei som ringer inn til legevaktsentralen.

Den fyrste månaden vil gå med til opplæring, hospitering,utarbeiding av prosedyrar, bli kjende og praktiske oppgåver knytt til å flytte inn i nye lokale på sjukehuset. Deler av opplæringa vil foregå gjennom opplærings -og hospiteringsprogram ved legevaktsentralen på sentralsjukehuset. Prosjektleiinga har etablert ein god samhandlingsplattform med legevaktsentralen i Førde som legg opp til samarbeid og felles utvikling av gode legevaktssentralar i fylket.