Godt nytt år frå Sogn LMS

No nærmar det seg at me skriv 2015, og prosjektet Sogn Lokalmedisinske Senter skal gå frå å vere eit prosjekt, til å vere eit levande lokalmedisinsk senter. Staben er klare til å sette prosjektet i drift, men er samstundes spente på dei utfordringane som ventar.
Dei fleste tilsette er på plass, og det er ein god gjeng med røynde folk. Lokalitetane på sjukehuset er i ferd med å ta form, og dette ser ut til å verte gode løysingar. Det som står att no er å få på plass naudsynt utstyr, og å gjennomføre opplæring med dei tilsette.
Me vil med dette få ønskje alle eit godt nytt år, så ser me fram til kvar 2015 vil føre oss.