Skifte av prosjektleiar

Samhandlingssjef Vidar Roseth i Helse Førde har vore prosjektleiar for prosjektet det siste året, sidan 01.10.13. Han går no ut av denne funksjonen og vart takka av på siste møte i styringsgruppa.

Han vil framleis vere ein kontaktperson i høve til helseføretaket, og vil vere medlem i styringsgruppa frå Helse Førde.

Helse- og omsorgsleiar Margun Thue i Lærdal kommune tek over som prosjektleiar. Ho har vore inne i prosjektet heilt frå starten, har representert viktig kontinuitet og har god kjennskap til alle delar av det.

Vidar Roseth

Avtroppande prosjektleiar

Margun Thue

Påtroppande prosjektleiar