Oppstart for Sogn lokalmedisinske senter blir 1. februar 2015

Styringsgruppa for prosjektet konkluderte i siste møte med at Sogn lokalmedisinske senter skal startast opp den 1. februar 2015.

Senteret skal innehalde interkommunal legevakt, legevaktsentral og døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp, og desse funksjonane skal innfasast trinnvis til full drift frå seinast 1. mars 2015.