Frå møtet i styringsgruppa 03.10.14

Styringsgruppa hadde møte fredag den 03.10.14.

Styringsgruppa vart orientert om status og vidare arbeid i prosjektet. Styringsgruppa påpeikte m.a. at arealløysingane for sengedelen og kontor no må løysast raskt. Prosjektøkonomien og forventa kostnader knytt til Sogn LMS vart og gjennomgått. Her er det usikre moment, men det ligg ikkje samla sett an til vesentlege avvik i høve til det som tidlegare er stipulert.

Styringsgruppa konkluderte slik i høve til prosjektperiode og oppstart av Sogn lokalmedisinske senter:

“Prosjektplanen for prosjektet Sogn lokalmedisinske senter blir justert slik:

  • Prosjektperioden og frist for endeleg prosjektrapport blir lenga til 01.02.15.
  • Prosjektorganiseringa blir uendra i perioden.
  • Sogn lokalmedisinske senter med interkommunal legevakt, legevaktsentral og døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp skal ha oppstart 01.02.15, med trinnvis innfasing til full drift frå seinast 01.03.15.
  • Innan 1,5 år etter at Sogn lokalmedisinske senter er sett i drift skal det gjennomførast ei evaluering av Sogn lokalmedisinske senter, herunder interkommunal legevakt, legevaktsentral og døgntilbodet for øyeblikkeleg hjelp.

Styringsgruppa ber om at det blir gjennomført tiltak for å informere innbyggjarane i området om det nye tilbodet og oppstarttidspunkt. Det må vidare prioriterast tett og løpande kommunikasjon med legegruppa fram mot oppstart.”

Aktuelle kommunikasjonsaktivitetar vart drøfta. Det vil bli utarbeidd eit grunnlag for å ta inn informasjon i kommunale informasjonsblad o.l. før jul. Vidare tek ein sikte på ei brosjyre ut til husstandane i januar i tillegg til informasjon i media.

Saklista og saksdokumenta til møtet kan ein lese nedanfor:

Sogn LMS – sakliste til møte i styringsgruppa 03.10.14

Sak 4 Økonomioversyn

Sak 5 Prosjektperiode og oppstart av Sogn LMS

Sak 6 Kommunikasjonsaktivitetar fram mot oppstart

Statusrapport 03.10.14