Legevakt: 116117 Akutt hjelp: 113 Send e-post

Ditt lokalmedisinske senter

Når du ringer legevaktstelefonen vil du få snakke med kvalifisert helsepersonell som vil innhente informasjon om deg. Denne informasjonen avgjer om du får snakke med lege, vert sett opp til time på legevakt, får rådgiving eller om det er så alvorleg at me må kalle ut ambulanse. Desse opplysningane er svært viktige for å gjere rette vurderingar. Dei som svarar på telefon har høve til å rådføre seg med lege og AMK dersom detter er naudsynt.

Nokre dømer på helseproblem der du skal ta kontakt med legevakt:

  • Smerter i brystet eller mage
  • Pustevanskar
  • Akutt sjukdom eller alvorleg forverring av tidlegare tilstandar
  • Nedsatt allmenntilstand hjå born
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • Mistanke om brudd
  • Kutt som ein kanskje må sy, evt reinske
  • Mindre brannskader

 

Ta kontakt med ditt kommune legekontor i vanlige kontortider ellers ring 116 117