Legevakt: 116117 Akutt hjelp: 113 Send e-post
Ditt lokalmedisinske senter
icon-pills

Er lokalisert på Lærdal sjukehus. Innebær legevaktsentral, legevakt og kommunale akutte døgnplassar (KAD).

Når du ringer
icon-heartbeat

Ha klart fødselnummer (gjerne personnummer), navnet på pasienten og kvar pasienten befinn seg.  Klikk her for meir informasjon.

Ventetid
icon-ambulance

Når du kjem på legevakta kan det bli noko ventetid, dette på grunn av at andre treng hjelp raskare. Klikk her for meir informasjon.

Hjelper deg når det hastar

Legevakta si oppgåve er å hjelpe deg med helseproblem som ikkje kan vente til neste dag, eller til vanleg kontortid. For helseplager som har stått på ei tid utan akutt forverring, fornying av reseptar, spørsmål om sjukmelding, kontroll av kroniske tilstandar mm må ein ta kontakt med sitt lokale legekontor i vanleg kontortid.

Nokre dømer på helseproblem der du skal ta kontakt med legevakt:

  • Smerter i brystet eller mage
  • Pustevanskar
  • Akutt sjukdom eller alvorleg forverring av tidlegare tilstandar
  • Nedsatt allmenntilstand hjå born
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • Mistanke om brudd
  • Kutt som ein kanskje må sy, evt reinske
  • Mindre brannskader

Dersom tilstanden er alvorleg eller lett kan bli det må ein ta kontakt med medisinsk nødtelefon 113. Nokre dømer helseproblem der ein skal ta kontakt med 113:

  • Sterke smerter i brystet som kan gje mistanke om alvorleg hjerteproblem
  • Mistanke om slag
  • Alvorlege ulykker
  • Personar som ikkje pustar, er bevistlause eller ikkje svarar på tilrop eller risting
  • Barn som er svært slappe eller som raskt vert sløvare.
  • Store vanskar med å få puste
  • Alvorlege krampeanfall

OFTE STILTE SPØRSMÅL

Ring 116117 for legevakthjelp , for akutt hjelp ring 113
Kvifor skal eg ringe først?
Når har me åpent?
Får eg prate direkte med en lege?

New international emergency number: +47116117   

NYHETER